SUNPOINT

SUNPOINT skal gjere mogleg presise berekningar for solkraft i heile Noreg

 

SUNPOINT skal gjere norske aktørar betre utstyrt for å gripe vekstmoglegheitane som ligg i den norske solenergibransjen. Ved å utvikle betre datagrunnlag, verktøy og analysar for evaluering av den norske solressursen, vil prosjektet tilrettelegge for meir presise og tilgjengelege energiutrekningar for solkraft i Noreg, både for enkeltanlegg og for overordna estimat retta mot beslutningstakarar. Desse måla vil bli nådd gjennom tre komplementære deloppgåver.

1) Innstråling – Meteorologisk Institutt vil utnytte sin breie kompetanse på numeriske vérprediksjonar (modellane som er bakgrunn for vérmeldingar) til å produsere betre verdiar for solinnstrålinga i Noreg. Meir presise innstrålingsdata vil bli generert ved å utvikle nye metodar for numeriske vérprediksjonar tilpassa til utrekning av solinnstråling. Dei oppdaterte utrekningane vil bli forbetra ved hjelp av bakkeobservasjonar, satelittdata og himmelkamerabileter.

2) Energiutrekningar – Gode solinnstrålingsverdiar er viktig for energiutrekningar, men ikkje heile biletet. Oversetjing av innstråling til energi avheng nemleg av ei mengde ulike algoritmar og hensyn. IFE skal kartleggje og evaluere dei ulike metodane for oversetjing. Basert på denne evalueringa vil prosjektet gi ei regionalt oppløyst anbefaling på framgangsmåten ein bør bruke når ein skal estimere energiproduksjon frå eit solkraftanlegg.

3) Integrasjon – Med presise energiberekningar for heile Noreg, vil IFE kartleggje det tekniske potensialet for norsk solenergi. Det tekniske potensialet vil bli nytta til å undersøkje korleis solressursen kan utnyttast på ein samfunnsøkonomisk bærekraftig måte, med hensyn til installasjon (kva type bygningar bør ein utnytte? korleis bør solpanelane vere vinkla? kva retning bør dei vere vendt?), fleksibiltetsbehov, og solenergi sin påverknad på andre energikjelder.

Prosjektet vil med denne heilheitlege tilnærminga gi gode beslutningsgrunnlag for aktørar i heile solenergibransjen frå utviklarar til politikarar.

IFE gjør forskning på oppdrag.
Ta kontakt med:

Riise, Heine Nygard

Solkraftsystemer,

948 68 828

Relaterte artikler

Kontakt